Den fleirspråklege skjønnlitteraturen sitt potensiale for undervisning i og om språklege tema i norskfaget

Authors

  • Trude Bukve Høgskulen på Vestlandet
  • Nina Goga Høgskulen på Vestlandet

DOI:

https://doi.org/10.7146/spr.v31i80.152608

Keywords:

fleirspråkleg litteratur, multietnolekt, andrespråk, lærarutdanning

Abstract

I motsetnad til dei fleste andre europeiske land blir dei norske dialektane brukt innan dei fleste domene i samfunnet, og auka mobilitet har ført til auka dialektendring, framveksten av nye -lektar og normer for språkbruk. Dette blir også løfta fram i internasjonale perspektiv på det norske språksamfunnet. Trudgill (2001, s. 31) legg vekt på at ein i Noreg har høg “ societal tolerance for linguistic diversity”, og dette mangfaldet er beskytta blant anna gjennom opplæringslova (2023, § 2-5).

Medan læreplanen legg til grunn eit ressurssyn på fleirspråklegheit (Kunnskapsdepartementet, 2020), viser nyare forsking  likevel at toleransen for språkleg variasjon ikkje inkluderer alle former for variasjon, og både tradisjonelle og nyare minoriserte språk, multietnolektar og aksentprega uttale blir i mindre grad aksepterte som ein fullgod versjon av det norske språket (Røyneland & Jensen, 2020). Med andre ord kan språkideologiar påverke både sosiale og kulturelle verdiar som blir tillagt språk eller former for språkleg variasjon, som igjen kan føre til ulik vurdering og forskjellsbehandling på tvers av individ (Iversen & Tavares, 2024, s. 58), basert på kva språkleg repertoar eleven har med seg inn i opplæringa og korleis dette språklege repertoaret blir vurdert av læraren.

I denne artikkelen vil vi utforske potensialet den fleirspråklege skjønnlitteraturen har for undervisning i og om språklege tema i norskfaget, spesielt knytt til haldningar og ideologiar rundt fleirspråklege praksisar.

Her tar vi utgangspunkt Amina Sewalis barneroman Hør’a dagbok! Dagen Nansi gjøret dagbokskriving HEFTIG igjen! frå 2020, og utforskar korleis karakterane i boka bygger opp om språkhaldningar og -ideologiar i ein norsk kontekst. Anansiwa, hovudpersonen i boka, er ei 12 år gammal jente frå Uganda som har fått i oppdrag frå norsklæraren å skrive dagbok, for «at kanskje min norsken kan bli littebittegrann bedre […]» (Sewali, 2020, s. 3). Eitt av hovudtemaa i boka er å bli anerkjent og ikkje diskriminert på grunnlag av språk, hudfarge og (familie)bakgrunn (Goga, 2024). I denne artikkelen utforskar vi kva for konsekvensar språkbruken, der bruk av multietnolekt og vekslingar mellom språk, har for språkhaldningar og -ideologiar hovudpersonen blir møtt med gjennom boka.  I analysane fokuserer vi på hovudpersonen, Anansiwa. Gjennom dagboka får vi innsyn i korleis språket hennar blir gjenstand for vurdering i ulike situasjonar, men også korleis ho reagerer, og ikkje minst agerer på desse vurderingane. I artikkelen drøftar vi også om epistemiske urett, eit omgrep som viser til korleis fordommar basert på t.d. språk kan føre til at ein ikkje blir anerkjend for kunnskapen ein bringar med seg (Fricker, 2007), kan vere eit nyttig perspektiv inn i språkundervisninga med lærarstudentar.

References

Fricker, M. (2007). Epistemic injustice: Power and the ethics of knowing. Oxford University Press.

Goga, N. (2024). Rap og multietnolektisk myndiggjøring i Amina Sewalis dagbokroman Hør’a, dagbok!. Barnboken, 47. https://doi.org/10.14811/clr.v47.897

Hårstad, S., Mæhlum, B., & van Ommeren, R. (2021). Blikk for språk: Sosiokulturelle perspektiver på norsk språkvirkelighet. Cappelen Damm Akademisk.

Iversen, J. Y., & Tavares, V. (2024). Kritiske perspektiver på andrespråksopplæring, rase og utdanning: Forskningstrender og nordiske responser. Nordand, 19(1), 57-71.

Kunnskapsdepartementet (2019). Læreplan i norsk (NOR01-06). Fastsatt som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020.

Opplæringslova. (2023). Opplæringsspråk, læremiddel og skolebibliotek (LOV-2023-06-09-30). Lovdata.

Røyneland, U., & Jensen, B. U. (2020). Dialect acquisition and migration in Norway – questions of authenticity, belonging and legitimacy. Journal of Multilingual and Multicultural Development, 1–17. https://doi.org/10.1080/01434632.2020.1722679

Sewali, A. (2020) Hør’a, dagbok! Dagen Nansi gjøret dagbokskriving HEFTIG igjen! Aschehoug.

Svendsen, B.A. (2021). Flerspråklighet til begeistring og besvær. Gyldendal.

Trudgill, P. (2001). Sociolinguistic variation and change. Edinburgh University Press.

Downloads

Published

2025-08-22

How to Cite

Bukve, T., & Goga, N. (2025). Den fleirspråklege skjønnlitteraturen sitt potensiale for undervisning i og om språklege tema i norskfaget. Sprogforum, 31(80), 28–35. https://doi.org/10.7146/spr.v31i80.152608