Islex: eit skuleeksempel på godt språkteknologisk samarbeid i Norden
Sammendrag
Islex er blant dei største nordiske samarbeidsprosjekta på språkfronten dei seinare åra. Det har resultert i eit fleirspråkleg digitalt ordboksverk som i dag består av seks ordbøker, som i ulik grad er ferdigstilte. Utgangsspråket i alle ordbøkene er islandsk, medan dansk, norsk (både bokmål og nynorsk), svensk og i seinare tid færøysk og finsk er språka ordartiklane blir omsette til. Både prosessen og produkta blir annleis om eit prosjekt er digitalt frå starten enn om ein utarbeider ei trykt ordbok som sidan blir digitalisert. Her tek eg i hovudsak føre meg korleis det digitale mediet har påverka redaksjonsarbeidet med norsk, dansk og svensk, men set òg det fellesnordiske prosjektet inn i ein større språkteknologisk samanheng.Nedlastinger
Publisert
2015-01-01
Hvordan referere
Rauset, M. (2015). Islex: eit skuleeksempel på godt språkteknologisk samarbeid i Norden. Sprog I Norden, 45(1). Hentet fra https://tidsskrift.dk/sin/article/view/20181
Utgave
Seksjon
Artikler
Lisens
Forfatterne og Netværket for sprognævnene har ophavsret til de artikler og anmeldelser der bringes i tidsskriftet.