Islex: eit skuleeksempel på godt språkteknologisk samarbeid i Norden

Authors

  • Margunn Rauset

Abstract

Islex er blant dei største nordiske samarbeidsprosjekta på språkfronten dei seinare åra. Det har resultert i eit fleirspråkleg digitalt ordboksverk som i dag består av seks ordbøker, som i ulik grad er ferdigstilte. Utgangsspråket i alle ordbøkene er islandsk, medan dansk, norsk (både bokmål og nynorsk), svensk og i seinare tid færøysk og finsk er språka ordartiklane blir omsette til. Både prosessen og produkta blir annleis om eit prosjekt er digitalt frå starten enn om ein utarbeider ei trykt ordbok som sidan blir digitalisert. Her tek eg i hovudsak føre meg korleis det digitale mediet har påverka redaksjonsarbeidet med norsk, dansk og svensk, men set òg det fellesnordiske prosjektet inn i ein større språkteknologisk samanheng.

Downloads

Published

2015-01-01

How to Cite

Rauset, M. (2015). Islex: eit skuleeksempel på godt språkteknologisk samarbeid i Norden. Sprog I Norden, 45(1). Retrieved from https://tidsskrift.dk/sin/article/view/20181