Norsk språk i eit taleteknologisk perspektiv
Sammendrag
Denne artikkelen skildrar fyrst korleis talesyntese og automatisk talegjenkjenning er bygd opp, og drøftar deretter kva for verknader slik taleteknologi kan få for norsk språk. Automatisk talegjenkjenning for generell diktering («tale-til-tekst») er den delen av taleteknologien som kan påverke språket mest. Men programvare for generell norsk diktering finst ikkje enno. Ein av årsakene til dette har vore manglande språkteknologisk infrastruktur i form av ein norsk språkbank, som vart etablert fyrst i 2010. Håpet er at me får samla inn og systematisert språkdata frå heile landet slik at norske talegjenkjennarar kan lærast opp til å kunne tolke dei ulike uttalevariantane i norsk.Nedlastinger
Publisert
2015-01-30
Hvordan referere
Kvale, K. (2015). Norsk språk i eit taleteknologisk perspektiv. Sprog I Norden, 45(1). Hentet fra https://tidsskrift.dk/sin/article/view/20178
Utgave
Seksjon
Artikler
Lisens
Forfatterne og Netværket for sprognævnene har ophavsret til de artikler og anmeldelser der bringes i tidsskriftet.