Nokre synspunkt på den skandinaviske språksituasjonen frå norsk synsstad

Forfattere

  • Arne Torp

Resumé

Artikkelen drøftar først ei presisering av den terminologien ein bør bruke når
ein snakkar om språk i Norden. Deretter blir det nemnt at somme av og til
heng fast i gamle førestellingar om korleis språkforholda var i mellomalderen
og meiner dermed at forholda er slik også i dag. At nynorsk er eit skandinavisk
språk blir presisert, og at færøyingane forstår skandinaviske språk best av
alle fordi dei lærer dansk på skolen. Derimot er nordmennene er best i grannespråksforståing
fordi norsk ligg mellom dansk og svensk – nærmast dansk i
skrift, men mykje nærmare svensk i uttale. Dette gjer at nordmenn og svenskar
forstår kvarandre bra munnleg, mens både nordmenn og svenskar har problem
med dansk talespråk.
Artikkelen går så over til å drøfte praktiske konsekvensar av desse forholda
for praksis med teksting og eventuell dubbing av skandinaviske filmar og TVprogram
i grannelanda, der forfattaren har ei viss forståing for at det kan vere
greitt med teksting av nabospråk, men at ein i Noreg gjerne kunne tekste danske
innslag på dansk, fordi den språklege avstanden er så liten i skrift. Derimot
er forfattaren sterkt imot dubbing av svenske barneprogram, fordi det å forstå
svensk bør vere ein del av allmenndanninga for norske ungar før dei kan lese!

Downloads

Publiceret

2013-01-01

Citation/Eksport

Torp, A. (2013). Nokre synspunkt på den skandinaviske språksituasjonen frå norsk synsstad. Sprog I Norden, 44(1). Hentet fra https://tidsskrift.dk/sin/article/view/17142

Nummer

Sektion

Artikler