Helseterminologi i eit språkpolitisk perspektiv

Authors

  • Ann Helen Langaker

Keywords:

helsespråk, språkpolitikk, språklov, sektorovergripande prinsipp

Abstract

Helsesektoren spelar ei særs viktig rolle i språkpolitikken i Noreg og er dermed eit prioritert arbeidsfelt for Språkrådet. I januar 2022 tok den nye språklova (språklova 2022) til å gjelda, og saman med lova kom det ei eiga stortingsmelding (Prop. 108 L (2019–2020)) som stakar ut kursen for den norske språkpolitikken i åra som kjem. Lova skal sikra norsk som samfunnsberande språk og lovfestar det sektorovergripande prinsippet som lenge har lege til grunn i språkpolitikken: Heile den offentlege sektoren har ansvar for språk.
Eit av føremåla med språklova er at språkpolitikken skal verka i alle delar av samfunnet. Kvart departement skal ta språkpolitiske omsyn når dei utformar politikken på sitt eige felt, og ha planar og rutinar for korleis dei følgjer opp sentrale føresegner i språklova. Departement som er særleg viktige for offentleg tenesteyting til innbyggjarane, har nøkkelroller i språkpolitikken, og helsesektoren er i stortingsmeldinga peika på som ein særleg viktig sektor for at norsk skal vera eit fullverdig og samfunnsberande språk.
Norsk skal kunne nyttast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg. Då treng ein norsk terminologi innanfor alle fagfelt. Lova inneheld ikkje ein eigen paragraf om terminologi og fagspråk, men føremålsparagrafen seier at offentlege organ skal ta ansvar for å bruka, utvikla og styrkja bokmål og nynorsk. Kva dette ansvaret inneber, er nærmare presisert i merknadane til paragrafen, som uttrykkjeleg stadfestar at ansvaret for å utvikla bokmål og nynorsk inneber at offentlege organ skal sikra at terminologi blir utvikla på norsk. Med «norsk» er meint både bokmål og nynorsk, og lova slår fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremja nynorsk. Nynorsk er det minst brukte språket og har derfor fått eit særleg vern.

Downloads

Published

2024-08-15

How to Cite

Langaker, A. H. (2024). Helseterminologi i eit språkpolitisk perspektiv. Sprog I Norden, 54(1), 153–159. Retrieved from https://tidsskrift.dk/sin/article/view/144163