Norsk språk i eit taleteknologisk perspektiv

Forfattere

  • Knut Kvale

Resumé

Denne artikkelen skildrar fyrst korleis talesyntese og automatisk talegjenkjenning er bygd opp, og drøftar deretter kva for verknader slik taleteknologi kan få for norsk språk. Automatisk talegjenkjenning for generell diktering («tale-til-tekst») er den delen av taleteknologien som kan påverke språket mest. Men programvare for generell norsk diktering finst ikkje enno. Ein av årsakene til dette har vore manglande språkteknologisk infrastruktur i form av ein norsk språkbank, som vart etablert fyrst i 2010. Håpet er at me får samla inn og systematisert språkdata frå heile landet slik at norske talegjenkjennarar kan lærast opp til å kunne tolke dei ulike uttalevariantane i norsk.

Downloads

Publiceret

2015-01-30

Citation/Eksport

Kvale, K. (2015). Norsk språk i eit taleteknologisk perspektiv. Sprog I Norden, 45(1). Hentet fra https://tidsskrift.dk/sin/article/view/20178