Språk i fokus: norsk
Resumé
Norsk er eit skandinavisk språk som strukturelt er svært likt dansk og svensk.
Det har to formelt likestilte skriftspråksvariantar, bokmål og nynorsk. Denne
artikkelen har to hovudkomponentar: Først blir det gitt ei beskriving av nokre
språklege særtrekk i norsk som skil språket frå både dansk og svensk. Desse
trekka er mest konsekvent gjennomført i nynorsk, mens bokmål, som oppstod
som ei fornorsking av det danske skriftspråket, har tatt opp i seg ein del innslag
av dei, til dels under sterk strid. Den andre komponenten er ein kort gjennomgang
av den norske språkhistoria, med hovudvekt på å forklare framveksten av
bokmålet og nynorsken og det noverande språklege forholdet mellom dei.
Downloads
Publiceret
Citation/Eksport
Nummer
Sektion
Licens
Forfatterne og Netværket for sprognævnene har ophavsret til de artikler og anmeldelser der bringes i tidsskriftet.