Språk og verd i Norsk Ordbok

Authors

  • Lars S. Vikør

Abstract

Leksikografiens identitetsproblem har vore oppe til drøfting ei rekkje gonger, også på konferansar som denne (sjå t.d. Pedersen 1994, Bergenholtz 1996, Lundbladh 1999). Faget er jo pressa både av noko utydelege relasjonar innetter, altså mellom ulike aspekt av seg sjølv, og av avgrensingsproblem mot nære slektningar utetter: terminologien, språkvitskapen, ensyklopedologien.

Eg vil først gi eit grovt riss av dette landskapet (sjå tabell 1<står til slutt i manuset; bør flyttast fram i den prenta art.>), og antyde korleis eg synest det er rimeleg å plassere leksikografien mellom desse ulike storleikane. Så skal eg plassere Norsk Ordbok og den ordbokssjangeren den hører til, i det same terrenget, og gi eit par eksempel på korleis denne ordboka stiller seg i kryssingspunktet mellom språket og verda, jamført med ein ensyklopedi, eller eit leksikon, som vi oftast seier på norsk.

Downloads

Published

2005-01-01

How to Cite

Vikør, L. S. (2005). Språk og verd i Norsk Ordbok. Nordiske Studier I Leksikografi, (7). Retrieved from https://tidsskrift.dk/nsil/article/view/19578

Issue

Section

Artikler