Metaordboka som reiskap for lemmaseleksjon og ordboksproporsjonering

Forfattere

  • Ålov Runde
  • Terje Svardal
  • Oddmund Vestenfor

Resumé

Samandrag

Metaordboka er ein systematisk søkjeinngang til dei leksikalske databasane/kjeldene til Norsk Ordbok (setelarkivet til Norsk Ordbok, setelarkivet til Trønderordboka og fleire ordbøker). For tida arbeider vi med å byggje opp eit eige nynorskkorpus for prosjektet som også skal koplast til Metaordboka. Slik blir Metaordboka ein viktig reiskap i arbeidet med Norsk Ordbok. Det står att å redigere åtte band, som skal omfatte ca. 25 000 oppslagsord kvar.

I innlegget vårt vil vi særleg ta for oss to sider ved ordboksarbeidet der Metaordboka kan vere til stor hjelp: lemmaseleksjon og ordboksproporsjonering. Metaordboka gir oss mellom anna oversyn over kor mange oppslagsord vi har totalt, og korleis dei fordeler seg med omsyn til kjelder – t.d. veit vi kor mange oppslagsord som berre har eitt belegg. Dermed blir Metaordboka ein nyttig og viktig reiskap for den overordna ordboksproporsjoneringa (kor stor del av alfabetet skal kvart band dekkje) og ikkje minst for utvalet av lemma.

Til slutt i innlegget vil vi seie noko om kva MO kan brukast til i framtida.

Downloads

Publiceret

2005-01-01

Citation/Eksport

Runde, Ålov, Svardal, T., & Vestenfor, O. (2005). Metaordboka som reiskap for lemmaseleksjon og ordboksproporsjonering. Nordiske Studier I Leksikografi, (7). Hentet fra https://tidsskrift.dk/nsil/article/view/19574

Nummer

Sektion

Artikler