Status for samisk språkteknologi

Forfattere

  • Sjur Nørstebø Moshagen

Resumé

Heilt frå utviklinga av den aller fyrste språkteknologien – det skrivne språket – og fram til i dag har språkteknologien vore både ei hjelp og ei grense. Hjelp for dei som har hatt han, og eit hinder for deltaking på like vilkår for dei som ikkje har hatt han, og ofte som eit middel for språkundertrykking overfor dei som ikkje har hatt han. Artikkelen gjev ei kort innføring i historia til samiske språk i eit språkteknologisk ljos, og korleis utviklinga av språkteknologi har vore med på å forma relasjonen til andre språk. Deretter gjev artikkelen ei oversikt over statusen for samisk språkteknologi i 2014, kva som er dei viktigaste ideane bakom arbeidet som er gjort, og kva som bør gjerast framover.

Downloads

Publiceret

2015-01-01

Citation/Eksport

Moshagen, S. N. (2015). Status for samisk språkteknologi. Sprog I Norden, 45(1). Hentet fra https://tidsskrift.dk/sin/article/view/20184