Språkpolitisk statusrapport frå Noreg

Forfattere

  • Sylfest Lomheim

Resumé

Det gamle norske (norrøne) skriftspråket gjekk gradvis or bruk etter svartedauden. Etter unionen med Danmark og reformasjonen på 1500-talet tok dansk heilt over som administrasjonsspråk. Under unionen med Sverige (1814-1905) var dansk det offisielle skriftspråket i Noreg, men rundt 1850 tok diskusjonen for alvor til om å atterreisa eit norsk skriftspråk. Løysinga vart – som kjent – ikkje éin skriftstandard, men to (bokmål og nynorsk). 1900-talet kom til å bli prega av språkpolitiske fraksjonskampar og rettskrivingsreformer. Først rundt år 2000 stilna det av. I dag er ein innstilt på at hopehavet mellom dei to variantane får gå seg til framover, og at dei verkeleg viktige spørsmåla no dreiar seg om å sikra norsk som funksjonelt skriftspråk. Med andre ord – Noreg har på totusentalet vorte eit litt meir språkpolitisk ’normalt’ land.

Downloads

Publiceret

2010-01-01

Citation/Eksport

Lomheim, S. (2010). Språkpolitisk statusrapport frå Noreg. Sprog I Norden, 41(1). Hentet fra https://tidsskrift.dk/sin/article/view/17251

Nummer

Sektion

Artikler