Sju nordiske språkkulturar. Korleis? Og korfor?

Forfattere

  • Helge Sandøy

Resumé

I Norden brukar dei ”ytre” språksamfunna i Norden, altså finsk, færøysk og
islandsk, færrast importord (lånord), dvs. at dei er mest puristiske. I Skandinavia
er norsk på topp i faktisk bruk av moderne importord, litt over dansk.
Frå 1975 til 2000 har bruken av importord auka svært mykje i finsk og norsk.
Dei mønstra for bruk og endringar i bruk som prosjektet Moderne importord i
språka i Norden (MIN) har funne, gjer mange av tidlegare forklaringsforslag på
nordisk variasjon ubrukande. Derfor står vi no overfor ein del utfordringar når vi
skal forstå kva som er vilkåra for ulike ”importnivå”.
Når det gjeld måten å integrere importorda på i språket, ser vi andre mønster.
Vi tilpassar i ulik grad importorda i uttale, skrivemåte og bøying; dansk gjer det
minst.
Oftast tenkjer vi på purisme som noko som gjeld ord frå andre språk. Men i
sosiologisk forståing er det same fenomenet når ein i eit samfunn ønskjer å halde
eit standardspråk reint for påverknad frå dialektar og etnolektar og å la
standardspråket dominere på dei fleste samfunnsområda. Når det gjeld denne
indre purismen, blir det nordiske bildet nokså annleis.
Språkkultur dreiar seg mykje om ulike former for purisme, og dei nordiske
språkkulturane er hovudtemaet i denne artikkelen. Formålet er å skissere diverse
innfallsvinklar til korleis språk er noko samfunn dyrkar på ulike måtar. Ein kan
sjå på f.eks. om eit samfunn har dikt som gjeld morsmålet; og artikkelen viser i ei
gransking av språket på Internettet korleis og i kor stor grad språk er del av
samfunnsdiskursen. Her er dei skandinaviske landa dels like og dels nokså ulike.
Når intervjuobjekt i prosjektet MIN argumenterer for ein viss språkpolitikk, ser vi òg
korleis dei utnyttar formuleringar som er typiske for språksamfunna deira.
Formsida av språket representerer eit anna perspektiv på språk enn statusperspektivet,
som gjeld kva språk som blir brukt på ymse samfunnsområde. Med
rette er status-perspektivet blitt tillagt stor vekt i språkpolitikken det siste tiåret, men
det har ført til ein tendens til å undervurdere den strategiske betydninga som
154
formspørsmåla har når det gjeld å utvikle språkleg bevisstheit og språkleg diskurs.
Legg ein vekt på holdningar og bevisstheit i samfunnet, står dei to perspektiva for
same problemstillingane, men formspørsmåla blir mykje oftare aktualisert enn
statusspørsmåla. Det betyr noko om ein vil utvikle den språklege bevisstheita.

Downloads

Publiceret

2009-01-01

Citation/Eksport

Sandøy, H. (2009). Sju nordiske språkkulturar. Korleis? Og korfor?. Sprog I Norden, 40(1). Hentet fra https://tidsskrift.dk/sin/article/view/16868