Moderne importord i språka i Norden (MIN). Ei orientering
Resumé
Moderne importord i språka i Norden (MIN) (http://www.moderne-importord.
info/) er eit samarbeidsprosjekt mellom sju språksamfunn, og det har vore i arbeid
sia 2000. Målet har vore å undersøkje faktisk bruk av importord (lånord) og
holdningane til språkpåverknad. Metodisk er det blitt lagt svært stor vekt på å lage
heilt parallelle granskingar i dei sju språksamfunna for på den måten å få
samanliknelege resultat som kan auke innsikta vår i språkkulturen.
Prosjektet har studert bruken av importord i aviser i 1975 og i 2000, og det har
i den samanhengen analysert både omfanget av ord og måten orda er blitt tilpassa
nasjonalspråka på. Dessutan er det laga studiar av konkurransen mellom
importord og avløysarord og av den språkpolitikken som er blitt ført i dei aktuelle
språksamfunna dei siste par hundre åra.
Største enkeltgranskingane gjaldt holdningar til språkpåverknad (dvs. purisme).
Dei er gjennomført med ulike metodar: gallup, personlege intervju og masketestar.
Med å kombinere ulike metodar kan det vere muleg få indirekte tilgang til eit
forskingsobjekt som ikkje er direkte observerbart.
Prosjektet har vore eit samarbeid mellom vel 30 forskarar, nokre av dei er
etablerte forskarar og andre forskarrekruttar. Avhandlingane blir i hovudsak
publisert i eigen serie (Moderne importord i språka i Norden, Novus forlag, Oslo),
der det per i dag er komne 10 band. I tillegg er prosjektresultata blitt presentert i ei
mengd artiklar og foredrag.
Downloads
Publiceret
Citation/Eksport
Nummer
Sektion
Licens
Forfatterne og Netværket for sprognævnene har ophavsret til de artikler og anmeldelser der bringes i tidsskriftet.