Proprium og leksikografi

Forfattere

  • Botolv Helleland

Resumé

Forfattaren drøfter kva plass proprium bør ha i vanlege ordboksverk. Han meiner at ei ordbok som tek sikte på å vera fulldekkjande, også bør ha med proprium Dei fleste ordbØkene har berre unntaksvis døme frå denne kategorien, og når dei har det, er det ikkje alltid gjeve klare grunnar for utvalet. Dei to viktigaste innvendingane mot å ta med proprium synest vera at materialet er stort og uhandterleg, og at semantikken er innfløkt. Forfattaren drøfter dei metodiske vanskane med å skilja mellom proprium og appellativ. Ei anna sentral problemstilling er korleis ein skal avgjera om opphavlege proprium har gått over til appellativ, t.d.ford m av Ford, og i kva omfang slike ord skal takast med i ordbøkene. Han kjem vidare inn på terminologiproblemet i samband med at termen namn er nytta om ord i appellativisk funksjon, t.d. brødnamn for brødnemne. Forfattaren konkluderer med at leksikografar og namneganskarar bør drØfta inngåande korleis proprium skal handsamast i ordbokssamanheng.

Downloads

Publiceret

1992-01-01

Citation/Eksport

Helleland, B. (1992). Proprium og leksikografi. Nordiske Studier I Leksikografi, (1). Hentet fra https://tidsskrift.dk/nsil/article/view/19716

Nummer

Sektion

Artikler