Sola kyrkje i Rogaland

Ei stormannskyrkje med dobbelkor?

Forfattere

  • Alf Tore Hommedal

Resumé

Dei seinare åras kyrkjearkeologiske undersøkingar i Noreg har mellom anna ført til ei differensiering av omgrepet »soknekyrkje«. Det er blitt klart at enkelte av kyrkjene også har hatt andre funksjonar, som avspeglar seg i utforminga av bygningen. Blant desse er ein type stormannskyrkjer med slektskap til dei såkalla »dobbelkyrkjene« eller »dobbelkapella« ute i Europa. I tillegg til å ha fungert som kyrkjer for eit oppland har desse kyrkjene også vore privatkyrkjer, i det kyrkjeherren har hatt eit eige kapell i ein andre etasje over koret. I denne norske varianten har berre koret, ikkje skipet, vore i to etasjar, og den kunne difor kanskje omtalast som »kyrkjer
med dobbelkor«.

Downloads

Publiceret

1986-10-04

Citation/Eksport

Hommedal, A. T. (1986). Sola kyrkje i Rogaland: Ei stormannskyrkje med dobbelkor?. Hikuin, 12(12), 79–86. Hentet fra https://tidsskrift.dk/Hikuin/article/view/150061