Kva spesialundervisning handlar om

Forfattere

  • Peder Haug

Resumé

Artikkelen summerer opp resultata frå eit større norsk forskingsprosjekt om spesialundervisning i grunnskulen i Noreg, «The function of special education» (SPEED). Forskingsspørsmålet for prosjektet var dette: Kva handlar spesialundervisning om, og kva funksjon har den? Data er nettbaserte spørjeskjema, deltakande observasjon og meir inngåande kvalitative kasusstudiar. Hovudfunna er at kvaliteten på opplæringa av elevar som får spesialundervisning varierer mykje, men at både opplæringa og resultata har manglar for mange av elevane det gjeld. Artikkelen forklarer dette med tilvising til tre ulike moment: å få tildelt spesialundervisning gir eit avviksstempel, at det rår ein lite fleksibel administrativ logikk til grunn for undervisninga av elevgruppa og manglande samanheng og samband mellom ordinær opplæring og spesialundervisning.

Downloads

Publiceret

2022-12-14

Citation/Eksport

Haug, P. (2022). Kva spesialundervisning handlar om. Paideia, (Jubilæumsnummer), 58–69. Hentet fra https://tidsskrift.dk/Paideia/article/view/135151