Korskiljet i Eidfjord
Resumé
Det følgjande vert eit forsøk på å dra ut hovudpoenga av avhandlinga om korskiljet i Eidfjord som vart skreven i samband med hovudfagseksamen i kunsthistorie i Bergen våren 1991. Eidfjord kyrkje ligg i Eidfjord i Hardanger i Hordaland fylke. Ho står på garden Nedre Lægreid på vestsida av elva som deler bygda i to. Bygningen er oppført i kistemur og høyrer til ei gruppe kyrkjer med rektangulær grunnplan som vart reiste på Vestlandet i tidsrommet 1250-1350. Utfrå skriftlege vitnemål vart kyrkja i Eidfjord oppført kort etter 1300, men noko nøyaktig datering har vi ikkje. Kor og skip i denne kyrkja har same breidde og høgde. Ved hovudinngangen i vest er det bygt til eit lite våpenhus i tre og over vestgavlen ein liten takryttar.
Downloads
Publiceret
Citation/Eksport
Nummer
Sektion
Licens
Forfatter og Forlag.