TY - JOUR AU - Æsøy, Knut Ove PY - 2018/12/31 Y2 - 2024/03/28 TI - Om læraren sin levande kunnskap JF - Studier i Pædagogisk Filosofi JA - SPF VL - 7 IS - 2 SE - Artikler uden for tema DO - 10.7146/spf.v7i2.115630 UR - https://tidsskrift.dk/spf/article/view/115630 SP - 58-72 AB - <p style="margin: 0px 0px 13.33px; text-align: justify; line-height: 150%;"><span style="margin: 0px;"><span lang="NO-NYN" style="margin: 0px;"><em><span style="color: #404040; font-family: Calibri;">Det er eit uttalt mål å gjøre grunnskulelærarutdanninga forskingsbasert. I det dominerande tankemønsteret i grunnskulelærarutdanninga er det konstruert ei motsetning mellom vitskapleg kunnskap og erfaringskunnskap. Vitskapleg kunnskap vert skildra som noko positivt, medan erfaringskunnskap får ei negativ omtale. Dette filosofiske essayet vil framskrive ei re-oppfatning av denne dikotomien. Målet med arbeidet er å redusere dikotomien mellom desse to kunnskapsformene og vise ei forståing som er meir jambyrdig, og som samlande kan bli kalla for lærarens levande kunnskap. Teorien om levande kunnskap tar utgangpunkt i mennesket si heilskapande erkjenningsevne. Mennesket sin kognitive kapasitet inneheld både rasjonelle, etiske, emosjonelle og motoriske erkjenningar. Eit avgjørande aspekt med den levande kunnskapen er lærarens etiske- emosjonelle kunnskap og sensibilitet i tillegg til den logisk rasjonelle evna.</span></em></span></span></p> ER -